Opprette og arbeide med tekst

Opprette tekst i ein app

  1. Opne Dragon Medical One.
  2. Plasser markøren i appen der du vil at teksten skal skrivast inn.
  3. Vel eller trykk på plussteiknet på det numeriske tastaturet, og start å snakke.

Dersom du har plassert markøren i eit tekstfelt som Dragon Medical One støttar fullt ut, blir teksten skriven inn her, og alt av funksjonalitet knytt til diktering av tekst og redigering av tekst via stemma er tilgjengeleg (full tekstkontroll).

Dersom du har plassert markøren i eit tekstfelt som er ukjent for Dragon Medical One, er desse alternativa tilgjengelege:

  • Dikteringsboksen blir opna, og teksten blir skriven inn her. Og alt av funksjonalitet knytt til diktering av tekst og redigering av tekst via stemma er tilgjengeleg. Når du er ferdig, vel du eller seier overfør tekst. Teksten blir då flytt til der du opphavleg plasserte markøren, og sletta frå dikteringsboksen.
  • Du dikterer i tekstfeltet, ved hjelp av grunnleggjande tekstkontroll. Det vil seie at berre grunnleggjande funksjonalitet for taleattkjenning er støtta, og du kan ikkje navigere i, redigere eller formatere teksten ved hjelp av stemma. Ringen rundt mikrofonikonet indikerer at du bruker grunnleggjande tekstkontroll. Dersom du vil kunne bruke full funksjonalitet for taleattkjenning, seier du opne dikteringsboksen.

Dikteringsboksen blir som standard brukt. Dersom du føretrekkjer å diktere direkte i tekstfeltet, opnar du ruta Inntasting av tekst i dialogboksen Alternativ og vel Bruk grunnleggjande tekstkontroll i delen Kva skjer når markøren er plassert i eit ukjent tekstfelt?. Når du bruker grunnleggjande tekstkontroll, må du kontrollere at du har plassert markøren i eit tekstfelt før du startar å ta opp, og stoppe å ta opp før du flyttar fokuset bort frå tekstfeltet. Elles mistar du tekst.

Merk: Dersom administratoren har konfigurert innstillingar som gjeld for heile systemet når det gjeld bruken av grunnleggjande tekstkontroll, kan det hende innstillingane dine ikkje vil gjelde i alle tekstfelt. Dersom du vil ha meir informasjon, kan du kontakte administratoren din.

Tips

  • Hald auge med volummålaren. Når han lyser opp i grønt, veit du at systemet registrerer stemma di, og framdriftsindikatoren snurrar rundt når taleattkjenning skjer.
  • Dersom du vil ha meir informasjon om diktering, kan du seie start hjelp, opne fana Hjelp for taleattkjenning og rulle til delen "Kva vil du seie?".

Merk: Når arbeidsstasjonen din blir låst, stansar opptak, og det skjer ingenting om du trykkjer på ein mikrofonknapp.

Tips om å arbeide med dikteringsboksen

  • Dersom du vil kalle tilbake tekst frå appen til dikteringsboksen, vel du eller seier kall tilbake tekst. Teksten blir flytta tilbake til dikteringsboksen, der han erstattar eventuell tekst som er skriven i mellomtida. Den tilbakekalla teksten blir ikkje sletta frå appen.
  • Dersom du ønskjer å arbeide i dikteringsboksen utan å sjå teksten som blir skriven der, seier du skjul dikteringsboksen. Du kan vise han att ved å seie vis dikteringsboksen. Alternativt kan du vise eller skjule dikteringsboksen via ein hurtigtast eller mikrofonknapp, eller ved å velje og velje Vis/skjul dikteringsboksen.
  • Dersom du vil fjerne all tekst frå dikteringsboksen, vel du .
  • Du kan endre storleiken på dikteringsboksen ved å dra i hjørna.
  • Bruk formateringsalternativa for å formatere teksten.
  • Du kan konfigurere verkemåten til dikteringsboksen i ruta Inntasting av tekst i dialogboksen Alternativ.
  • Du kan òg redigere tekst i dikteringsboksen som er skriven i ein app som ikkje er støtta fullt ut.

Forankre talefokus

Når du forankrar talefokuset til målappen, kan du opne og navigere gjennom andre appar utan å fjerne talefokuset frå målappen. Dette inneber at attkjenningsresultata blir skrivne inn i den forankra appen, sjølv om du går over til ein annan app mens du dikterer. Du kan berre forankre talefokuset til appar som Dragon Medical One støttar fullt ut.

Slik forankrar du talefokuset:

  1. Opne Dragon Medical One og målappen.
  2. Plasser markøren der du vil at teksten skal skrivast inn, og trykk på CTRL + ALT + A, eller sei forankre diktat for å forankre talefokuset til målappen. Ikonet endrar seg til .
  3. Opne ein eventuell annan app du treng for analyse eller referanse (for eksempel PACS).
  4. Vel , og start å snakke. Ikonet endrar seg til , og teksten blir skriven inn i målappen.

Du kan når som helst endre kva app som har talefokuset forankra til seg. Når du forankrar talefokuset til ein annan app, blir talefokuset automatisk frigjort frå appen det tidlegare var forankra til.

Tips

  • Set talefokuset til å bli forankra automatisk via ruta Generelt i dialogboksen Alternativ.

  • Du kan frigjere talefokuset frå målappen ved å lukke han eller seie frigjer diktat.

  • Dersom talefokuset er forankra til ein app og du opnar dikteringsboksen, blir talefokuset frigjort frå appen. Dersom dikteringsboksen er open når du forankrar talefokuset til ein app, blir han automatisk lukka.

Redigere tekst

Du kan bruke tastaturet og musa til å redigere teksten som systemet kjenner att:

  • Skrive inn ny tekst for å korrigere tekst som er kjend att feil.
  • Plasser markøren ein eller annan plass i teksten, og ta deretter opp for å setje inn ny tekst.
  • Merk tekst og ta deretter opp for å skrive over eksisterande tekst med ny tekst.

Du kan òg redigere teksten via ein talekommando (for eksempel ved å seie stryk det).

Merk: Dersom markøren er plassert i eit ukjent tekstfelt og du bruker grunnleggjande tekstkontroll til å diktere, er det ikkje støtte for redigering av teksten via stemma. Dersom du merkjer attkjend tekst manuelt eller plasserer markøren ein plass i teksten og tek opp, kan det hende at små/store bokstavar og mellomrom ikkje blir rett, ettersom Dragon Medical One ikkje kan sjå den omkringliggjande teksten.

Når du arbeider i ein app som Dragon Medical One støttar fullt ut, kan du redigere og korrigere direkte i den appen.

Dersom du arbeider i dikteringsboksen, tilrår vi at du redigerer og korrigerer teksten der og først overfører teksten til appen når han er endeleg. Dette sikrar at korrigeringane dine blir tekne med i tilpassing.

Redigere tekst skriven i ein app som ikkje er støtta fullt ut

Når du arbeider i ein app som Dragon Medical One ikkje støttar fullt ut, kan du leggje til eksisterande tekst du vil redigere, i dikteringsboksen og redigere han der.

Gjer slik:

  1. I dialogboksen Alternativ opnar du ruta Inntasting av tekst, merkjer av i boksen Legg til den merkte teksten frå målappen i dikteringsboksen og vel Bruk alle.
  2. Opne målappen, og merk teksten du vil redigere.
  3. Opne Dragon Medical One, og utvid dikteringsboksen.
  4. Teksten du merkte, er tilgjengeleg.

  5. Plasser markøren der du vil at den nye teksten skal leggjast til, vel eller trykk på plussteiknet på det numeriske tastaturet, og start å snakke.
  6. Rediger teksten om nødvendig, og når du er ferdig, vel du eller seier overfør teksten.

Teksten blir overført til målappen og sletta frå dikteringsboksen.