Meir informasjon
Skjule appen
Dragon Medical One blir alltid vist over andre opne appar med mindre du aktivt skjuler han.
Dersom du vil skjule appen, seier du lukk Dragon, vel
eller trykkjer på CTRL+ALT+H.
Når du vil vise appen att, seier du opne Dragon, vel
i varslingsområdet eller trykkjer på CTRL+ALT+H på nytt.
Dersom du avsluttar appen, vil han ikkje vere tilgjengeleg i varslingsområdet.
Tilpassing
Dragon Medical One tilpassar seg til måten du dikterer på. Dette inneber at dess meir du bruker appen, dess meir nøyaktige blir attkjenningsresultata. Appen bruker den endelege teksten til å lære. Dersom du har korrigert tekst, samanliknar systemet han med tale som blei teken opp, og tilpassar seg etter det.
Dersom du overfører tekst frå dikteringsboksen til eit tekstfelt som er ukjent for Dragon Medical One, og deretter korrigerer han, kan ikkje Dragon Medical One sjå den korrigerte teksten, og det skjer då inga tilpassing. Korriger teksten i dikteringsboksen før du overfører han.
Dersom du dikterer i eit ukjent tekstfelt ved hjelp av grunnleggjande tekstkontroll, skjer det heller inga tilpassing.
Tilrådde mikrofonar
Du får best attkjenningsresultat ved å bruke ein handhalden mikrofon av høg kvalitet. Dette er ei liste over tilrådde mikrofonar:
- Nuance PowerMic II og III
- Nuance PowerMic 4
- Philips SpeechMike Air
- Philips SpeechMike Premium
- Philips SpeechMike III
- Grundig Digta SonicMic II
- Grundig Digta SonicMic 3
- Grundig Digta CordEx
- Grundig Digta 7
Nettbasert hjelp for taleattkjenning
Det finst ei rekkje funksjonar for taleattkjenning som kan hjelpe deg med å jobbe meir effektivt, for eksempel talekommandoar, autotekstar, stryk det, osv. Dess betre du forstår taleattkjenning og korleis du arbeider med det, dess raskare kan du opprette diktat. Automatisk formatering (for eksempel datoar, klokkeslett, mål, osv.) kan òg vere svært nyttig.
Dersom du vil ha meir informasjon om korleis du får dei beste resultata, seier du start hjelp og opnar fana Hjelp for taleattkjenning.
SpeakAhead
Generelt sett treng du ikkje å vente på at teksten som systemet kjenner att når du snakkar, skal bli skriven. Dersom du navigerer mellom ulike avsnitt i dokumentet, treng du ikkje å vente til teksten blir vist i eitt avsnitt før du går vidare til neste.
Når du bruker talekommandoar, er det tilrådd at du tek ein pause for å sikre at kommandoen blir utført, før du held fram.
Tilkopling til taleattkjenningstenar
Dersom det er eit problem med tilkoplinga di under opptak, blir mikrofonen slått av. Dersom du vil starte på nytt, vel du
eller trykkjer på plussteiknet på det numeriske tastaturet.