Velkommen til Dragon Medical One Desktop Application

Dragon Medical One gjer at du kan opprette tekst via taleattkjenning i alle appar du kan skrive i. I mange appar blir teksten skriven direkte inn i appen, i andre blir teksten skriven inn i dikteringsboksen i Dragon Medical One, og deretter overfører du han til målappen.

Du kan styre Dragon Medical One ved hjelp av brukargrensesnittet, tastaturet, stemma eller knappane på mikrofonen. Beskrivingane i denne nettbaserte hjelpa er baserte på standardinnstillingane som Dragon Medical One blir levert med. Dersom du vil endre korleis du styrer han, bruker du dialogboksen Alternativ.

Arbeide raskt

Bruk autotekstar for å setje inn standardblokker med tekst. Dette gjer at du slepp å skrive inn det same heile tida. Du kan vise ei liste over tilgjengelege autotekstar ved å seie kva kan eg seie og rulle til delen Autotekstar.

Bruk stemma i staden for tastaturet eller musa til å utføre oppgåver. Mange av handlingane i Dragon Medical One kan startast via ein talekommando. Du kan vise ei liste over tilgjengelege talekommandoar ved å seie kva kan eg seie.

Kva vil du gjere?

Opprette tekst i appen

Forankre talefokuset til appen

Opprette tekst i dikteringsboksen

Arbeide med autotekstar

Arbeide med talekommandoar

Arbeide med Dragon Medical Advisor

Bruke funksjonen med vekkjeord

Arbeide med Dragon Medical Virtual Assistant

Endre innstillingane

Oppgradere, avinstallere eller reparere Dragon Medical One

Feilsøking