Administrere ordlista
Dersom du vil leggje til ord i systemet eller slette ord du ikkje vil skal visast i attkjenningsresultata,
og opnar sida Administrer ordliste eller seier administrer ordliste.
Sida Administrer ordliste viser ei liste over ord du har lagt til i ordlista. Endringar du gjer her, gjeld berre for deg. Andre brukarar av systemet blir ikkje påverka. Ordlista som blei levert med programvara for taleattkjenning, står ikkje oppført.
Den systemansvarlege kan handsame ordlista for grupper med brukarar. Du kan ta med ord i lista di som den systemansvarlege har lagt til sentralt. Klikk på
og vel det tilhøyrande filteret.
Leggje til ord
Du legg til nye ord ved å
Skriv inn ordet du vil leggje til, på sida Legg til ord.
Merk: Du kan òg leggje inn korte setningar, forkortingar og akronym. Dei blir lagde til i ordlista når du skriv dei inn her.
Uttale
Dersom ordet blir uttalt slik det blir skrive,
Dersom autotekstnamnet blir uttalt på ein måte som er svært ulik måten det blir skrive på (for eksempel eit ord frå eit anna språk eller ei forkorting),
Eksempel på ord som blir skrivne svært ulikt måten dei blir uttalte på, for eksempel dersom du snakkar dialekta sognemål:
| Ord | Uttale |
|---|---|
| kvifor | kefør |
| grå | graoe |
| MB | megabait |
| inntekter/utgifter | inntekte skråstrek utgifte |
| FN | eff enn |
For forkortingar der du uttaler dei enkelte bokstavane, skriv du inn store bokstavar åtskilde med mellomrom (ikkje bruk punktum eller små bokstavar). Eksempel:
| Ord | Uttale |
|---|---|
| USA | U S A |
| PhD | P H D |
| jpeg | J peg |
| XY-kromosom | X Y kromosom |
Når du skriv inn ei uttale, må du følgje desse reglane:
(missing or bad snippet)Endre ord
Dersom du vil endre eit eksisterande ord, merkjer du det i lista og
. Deretter kan du endre stavinga eller uttalen.
Ord som systemet allereie har kjent att frå det du har sagt, kan ikkje endrast. Det same gjeld ord der du har lagt inn fleire uttaler.
Lære inn ord
Dersom du vil registrere korleis du uttaler eit eksisterande ord, ei kort setning, forkorting eller eit akronym, merkjer du det aktuelle i lista og
.
Ord du har lært inn på denne måten, er indikerte med ikonet
på sida Administrer ordliste.
Deaktivere ord
Eit ord som er deaktivert i ordlista, blir ikkje lenger kjent att. Det blir fjerna frå ordlista og språkmodellen. Dette inneber at informasjon om ordet, i samanheng med ei setning, går tapt.
Viktig: Du bør vere svært forsiktig med å bruke denne funksjonaliteten, ettersom det å deaktivere eit ord kan få store konsekvensar for attkjenningsresultata.
Dersom du vil deaktivere eit eksisterande ord, merkjer du det i lista,
og stadfestar handlinga (du kan merkje meir enn eitt ord).
Dersom du vil deaktivere eit ord som ikkje står oppført på sida Administrer ordliste,
, deretter på Deaktiver og til slutt Stadfest. Skriv inn ordet du vil deaktivere, og
Du kan òg deaktivere ord direkte frå teksten du arbeider med. Merk ordet og sei ikkje kjenn att det ordet.